Elin vant AXTRI

 

Opddatering!!

Elin Fylkesnes Steinsbø; Tommelen opp for Elin etter debyen i AXTRI. Seier i dameklassen og 13 plass totalt. Les hennes race rapport her..

 

Eit av dei store måla mine i år har vore å prøva meg på triathlon. Eg peika meg tidleg ut AXTRI som min "deby-arena". AXTRI såg ut som eit fantastisk flott og hardt ritt/løp i flotte omgivelsar med mykje gode og "seige" bakkar å "bryna seg på", både på løp og på sykkel. Dette passar meg bra!:-)) AXTRI starta med 1900 m svømming i Aurlandsfjorden, deretter bar det over Aurlandsfjellet tur/retur på sykkel; 94 km og vel 3000 høgdemeter, før det blei avslutta med løp opp Aurlandsdalen; 21km og 1100 høgdemeter.

Sykkel har eg bra erfaring på, har òg alltid vore glad i å springa og då spesielt i motbakke. Har det siste året kombinert syklinga meir med springing og har bl.a delteke på fleire motbakkeløp. Svømming derimot er ei heilt ny grein for meg og var naturleg nok den delen eg grua meg mest til. Eg har det siste året prøvd å læra meg å crawla, men det er begrensa kor mykje eg har hatt anledning til, og om framgangen frå i haust har vore stor, har eg framleis eit langt stykke igjen å gå. Eg hadde likevel eit håp om at eg skulle greie å crawla heile distansen.

Med 14 grader i sjøen, ei mengd med folk som skulle ut på likt og armar og bein overalt, fekk eg meg likevel eit sjokk!! Eg kava, hosta og harka og følte eg hadde skikkeleg tilbakesteg i forhold til når eg har trent i sjøen for meg sjølv.  Heldegvis greide eg etter ei stund med hektisk kaving å roa meg ned og å  finna igjen det eg har trent på tidlegare i sommar, og crawla meg på eit vis igjennom etappen. Eg tapte ein god del tid på svømminga og var veldeg gira når eg endeleg kom meg ut av T1 og kom meg på BH sykkelen min som eg trivest svært godt på!!:-) Bakken begynte umiddelbart og eg kunne begynna å henta "plasseringar". Det var fin og jamn stigning opp frå Aurland og eg kunne sitja og "mala" jamnt oppover, eg la meg rett under terskel der eg visste eg kunne liggja lenge. Ved " vending" i Erdal låg eg som nr 36 totalt og først av damene (opp etter svømming var eg nr 5 av damene og tippar ca 90 totalt) Beina føltes framleis bra og på tilbakeveien kunne eg fortseja i same tempo. Sykkeletappen fungerte svært bra og ved T2 kunne eg springa ut som nr 23 totalt. Eg var sjølvsakt spent på om eg hadde kjørt for hardt på sykkeletappen og korleis beina ville fungere på løpsdelen. Eg har ikkje så altfor mykje erfaring på denne overgangen og spesielt ikkje med denne lengda kombinert med stigninga. Eg har vel igrunn aldrig løpt så langt som 21km før, heller ikkje utan å sykla først!! Løpsdelen fungerte likevel utmerket, eg følte meg lett i beina og kunne springa det meste av løypa, bortsett frå  i dei brattast henga der eg gjekk over til rask gange. Det at eg såg at eg fortsatt kunne "plukke" plasseringar gav sjølvsagt motivasjon, og motet og humøret var på plass heile vegen. Eg kom i mål på 7t52min og enda på 13. plass totalt og vann dameklassen. Eg er svært fornøgd med min triathlon deby og det gav absolutt meirsmak! Når det gjeld svømminga veit eg at eg er nybegynnar og at eg har mykje å læra, men motivasjonen er på plass så her reknar eg med at eg skal greie å forbetra meg!!.-)

AXTRI  blei på alle måtar ein flott opplevelse, veret var fint og både" kroppen" og utstyret fungerte utmerket. Eg brukte squeezy ernergi heile vegen, bortsett frå eit halvt polarbrød med salami i Erdal gjekk det kun i squeezy barar og gel, på flaskene hadde eg blanda squeezy carbo loader, squeezy energi drink og Ringer, dette fungerte fint for meg!!:-))

Dette var min første triathlon men definitivt ikkje min siste, for dette var knall gøy og knall hardt og gav skikkeleg meirsmak!!:-))

 

Elin